J16: Florø 2 ''an underdog story'' - og kanskje sesongens comeback

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 4. Mar 2026

Florø 2 - Gloppen 20-17 (9-10)

Sjå for deg ein roleg sundag, sola skin og fuglane kvitrar. Det fekk ikkje Gloppen oppleve, då Florø 2 mørkla hallen med eit hard forsvar ein seint vil gløyme. Men det kan umogleg ha vorte ein overrasking for alle som har lest referatet frå Florø 2 sin førre kamp, der herrelaget til klubben fekk sjå at Mia Kvellestad skal du halde på avstand. 

Jentene startar fyrste omgangen med ein eld i irisen, eit blikk du må ha opplevd i person. Med meirsmak frå førre siger, og Gloppen på menyen i det som vert ein av sesongens viktigaste kampar. Etter ein solid innsats frå dagens kaptein Muniro Mohamed, som vinner både ball og avgjer at vi startar i forsvar – kampens essensielle psykologiske overtak – vert det ein maktdemonstrasjon frå keeper Frøya Strømmen, som ikkje slepp inn eit skot før tida viste 03:16, notorisk kjend for å stengje buret ved alle straffer.

 



Frøya vel at frå 07:27 til 22:05 spelte minutt, skal Gloppen berre få 1 skot forbi ho inn i nettet. Med 2 fenomenale tidsblokker på 08:03 + 06:35 som tilseier at buret var stengt i ein periode på 14 minutt og 38 sekund, her fekk ein sjå Gloppen verkeleg måtte jobbe utan noko resultat å vise til. Her vart både benk, tribune og keepertrenar for klubben sendt i ekstase. Men Frøya fekk god hjelp frå forsvarsrekkja mellom 10-20 spelte minutt, då Carmen Paulsen (kanskje inspirert av Mia i førre kamp) ville vise at ho ikkje berre spelar “Joga Bonito” i angrep, men også verkeleg kunne vere ein forsvarssjef som ikkje var redd for å brette opp ermet.

Etter ein solid defensiv omgang kunne vi fornøgd gå til pause med stillinga 9-10, her måtte vi opp å nikke i angrep. Heldigvis var taktikktavla varm frå 2009-jentene sin kamp, der Joakim nok ein gong kunne vise fram eit grunnleggjande pådragspel som i teorien skal funke 9 av 10 gongar mot Gloppen. 

 



Og gjett om pådragspelet gidde god avling. Her fekk Linn Teigene vise at ho har ei lys framtid innan salsyrket, då ho utan tvil tripla kiosksalet i 2. omgangen. Her vart Gloppen ein etter ein tilvist til kasseapparatet, på Linn sin kommando. Her burde tribunen laga meir lyd – er ikkje kvardagskost at pølseboda er open på idrettsbygget. Og når Mia Kvellestad utførte eit perfekt vingutspel levert bak hovudet, mista trenaren Torbjørn det fullstendig på benken. Då han har gjentatte gongar i desperasjon ynskja det frå bakrekka. Her må publikum vise glede og jubel, slik at Torbjørn kan dyrke tilbake det lett og leikande spelet som gir glede, resultat og underhaldning.

Det kan også merkast at Mille Knapstad vart inspirert av Frøya sin presentasjon i første omgangen, då ho også ville stengje buret med berre 7 mål i 2. omgangen ved god hjelp frå forsvarslinja som har fått fint kalibrert seg i 25 minuttar, og veit nøyaktig kor skapet skal stå.

 


Ekstremt viktig siger, som gjer at moglegheita for å kjempe seg opp på tabellstigen vert litt lettare. Her visar jentene frå 2010-kullet at dei har trenarar som elskar eit ekstremt sterkt defensivt forsvar, og gode pådrag i angrep der dei spelar opp kvarandre. Jentene Carmen, Linn og Aurora må dele på toppskårarprisen med 4 mål kvar, noko trenarteamet er godt nøgd med. Dei ynskja å få alle på skåringslista kvar kamp, det gjekk ikkje heilt vegen denne kampen då Gloppen har ein ekstremt dyktig keeper. Men det skal seiast at dei som ikkje fekk notert seg på skåringslista gjorde ein vesentleg god jobb ved å spele dei andre på laget gode om det så var solide sperrer på strek eller gode pådrag frå bakrekka, samt å herje i forsvaret som var avgjerande for siger. Ein fin 3 måls siger vi er godt nøgd med. Ettersom vi allereie har dratt fram forsvarsstatistikken for Florø 2009-jentene, så trekk vi også fram Florø 2 jenter 2010 sin statistikk også. Med imponerande 283 mål mot i 16 kampar, så ligg snittet på 17,7 mål i mot pr. kamp. Og med 326 mål på 16 kampar, kan vi nøye oss med 20,4 mål pr. kamp offensivt i bana. Dette lovar godt for damelaget sin framtid, med solide forsvarsspelar frå kullet.

Torbjørn Osland, trenar for J16 i Florø SK Handball
Bilete: Torbjørn Osland, mobilbilete




J16: Florø demonstrerer at humør, tolmod og gode taktikkar har stor verdi.

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 4. Mar 2026

Florø - Gloppen 19-18 (8-11)

Det var ein fin og fredeleg ettermiddag, tribunen har nett fått observert damelaget kjempe seg til ein 1 måls seier. Spenninga var høg i fleirbrukshallen, og jentene frå 2009-kullet hadde ingen planar om å senke spenningsnivået.

Vi startar kampen bak skjema både tidsmessig og taktisk. Gloppen viser at heile bakrekka har ekstremt gode skytarar, med ein solid prikkskytingspresisjon idrettssenteret ikkje har opplevd på fleire år. Her var det lite den rutinerte 2010-keeperen Mille «Miles» Knapstad kunne gjere. Heldigvis har ho eit erfarent lag langs 6-metaren som etter kvart får kontroll på skytarane og som gjer jobben litt lettare i buret. 
Gloppen har også eit bra forsvar, og ein fenomenal keeper som ein ofte finn på regionale uttak. Så vi får litt å jobbe med framover i bana, men ein vis mann sa ein gong “Hadde det vore lett, hadde alle gjort det”. Heldigvis hadde vi Lilly «Two Face» Hovden som forsvarsekspert, med avhandling innan “Trur du eg går på den gamle der?” slik at vi kunne stoppe Gloppen sitt notoriske “Kjell”-trekk, som verken Joakim eller Torbjørn forstår seg på, og ikkje minst kvifor det har vert så effektivt tidlegare.  


Med mykje skot i både stople og keeper, måtte vi audmykt nøye oss med 8 mål til pausen og ein 3 måls leiing til Gloppen. Pausen var godt tima, der Torbjørn ved hjelp av arkeologisk utgraving i kampbakken fant fram ei taktikktavle frå 2018. Slik at Joakim kunne bringe fram sin visjon på tavla, medan støvet danna ei sky i garderoben. Vitnar har sagt ein skulle tru tavla var laga av stein. For her gjekk det opp eit lys for jentene. I andre omgangen begynner vi å snakke “business” for her vakna unge lovande Hedda “Biffen” Østvik som skulle vise at det var ikkje berre broren som har vert ute ei kald vinternatt før. Notorisk kjent skytar for herrelaget i si tid, og det skulle Hedda vise låg i blodet når ho skaut seg til toppskårar med 4 solide langskot i nettet. Og ikkje berre kan ho subsidiere laget med fart fram i bana, Hedda visar også potensialet for komikaryrket. Når ho så poetisk gir klar beskjed til trenaren når det vart lagt eit timeout kort nett når strekspelaren skal opp å skyte, som får heile tribuna til å bryte ut i latter. Trenaren som kan få verte anonym har seinare unnskylda seg, med at når ein har ei toppfart på omlag 38 km/t så kjem det timeout kortet kjapt til sekretariatet. 

Jentene avslutta 2. omgangen sterkt med å effektivt og enkelt stenge buret med berre 7 mål til Gloppen, og 11 mål framover i bana. Ekstremt viktig seier, som gjer at moglegheita for sluttspel og tabelltoppen ikkje er så langt unna som ein kan håpe på. Florø 2009 er, ifølgje dei 2 ikkje så audmjuke trenarane, det beste defensive laget i J16-serien med 253 mål i mot på 16 kampar å vise til som statistikk. Eit imponerande gjennomsnitt på 15,8 mål i mot, ein statistikk som sett seniorlaga til klubben i skam. 


Mest imponerande er at i nokre kampar har vi stått med utespelarar i mål, og 1 spelar på benk. Då jentene sjølv ikkje har ein keeper på laget, men klarar å smiske til seg 2010-keeperane på nokre kampar. Og om ein skal skryte endå litt til av jentene så har dei 327 mål på 16 kampar, med eit gjennomsnitt på 20,4 mål pr. kamp. Statistikk som trenarane Torbjørn og Joakim er stolte og nøgd med, sidan filosofien er enkel: minst mogleg mål mot. Så slepper vi å jobbe så hardt i angrep for å kompensere for eit svakt forsvar. Ei lys framtid for Florø sitt damelag, der nokre av jentene allereie har vert med for å hjelpe Florø i damelagets opprykksdraum.
Draumen om sluttspel i fylkesmeisterskapen som i år vert arrangert i det notorisk og anerkjende lyskrysset Førde. 

Torbjørn Osland, trenar for J16 i Florø SK Handball
Foto: Torbjørn Osland, mobilbilete


 






Damer: Florø 2 tok revansje mot Jotun i jevnt oppgjør

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 4. Mar 2026

Florø 2 - Jotun 30-27 (15-15)

Søndag var det klart for returoppgjør mot Jotun for Florø 2. Vi spilte første kamp for sesongen mot dem, en veldig fysisk og tøff kamp, så vi var veldig klare for revansje. 😊


Det blir en jevn første omgang, der Jotun har litt overtak, men ender 15-15. Vi får en god start på andre omgang, og halvspilt leder vi med 3 mål. Jotun kommer et mål bak, men vi vinner til slutt med 3. 😊


Linda står veldig bra bakerst, med nesten 40 i redningsprosent. 👏🏼👏🏼
Vi spiller godt sammen, med mye utspill til kant og mange avslutninger fra linjene våre.


Weronika Kinn Breidvik, trener for damelaget Florø 2
Foto: Cecilia Molander

Flere bilder finner du her: https://handball.florosk.no/next/gallery/album?uid=1103852594&aid=92582




Herrer: Florø leverer helhetlig prestasjon i 35–24-seier

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 4. Mar 2026

Florø–Flaktveit 35–24 (19–13)

Det ble et tydelig bevis på at herrelaget fullt ut har tatt inn over seg alvoret i opprykkskampen. Hver kamp er en finale, og det var ikke vanskelig å se at guttene kom på banen med både tenning og revansjelyst etter nederlaget i Flaktveithallen tidligere i sesongen. Faktisk var det kanskje litt for mye tenning i åpningen, med tre utvisninger på de første åtte minuttene – et tegn på vilje, men også på at vi fortsatt må jobbe med balansen mellom aggressivitet og kontroll.


Forsvaret som fundament
De siste kampene har vist en tydelig utvikling i forsvarsspillet. Laget står samlet, jobber hardt over tid og skaper et trygt arbeidsmiljø for målvaktene. Når forsvaret sitter, kommer også kontringene – og i denne kampen fikk vi flere av de situasjonene vi ønsker oss: ballvinninger, tempo og enkle mål. Det er et tegn på at grunnmuren i spillet vårt begynner å bli solid.


Angrepsspillet – neste steg
Samtidig er det ingen hemmelighet at det fortsatt finnes et betydelig forbedringspotensial i etablert angrep. Flyten mangler i perioder, og bevegelsen uten ball er ikke helt der vi ønsker den skal være. De beste lagene kjennetegnes nettopp av dette: rytme, relasjoner og tydelige mønstre. Vi er på vei, men har fortsatt et stykke igjen før vi kan si at angrepsspillet vårt er like stabilt som forsvarsspillet.


Struktur og disiplin hele kampen
En annen utfordring som viste seg igjen, er tendensen til å slippe strukturen når vi får en komfortabel ledelse. I stedet for å fortsette som en samlet enhet, faller vi noen ganger inn i mønsteret der seks enkeltspillere prøver å løse ting hver for seg. Det er forståelig – ledelse gir rom for kreativitet – men skal vi opp i divisjonene, må vi holde oss til planen i 2 x 30 minutter. Struktur og disiplin er ikke bare detaljer; det er selve forskjellen på lag som vinner innimellom, og lag som har en ekte vinnermentalitet – de som er stabile, konsekvente og finner måter å vinne på hver eneste gang. 


Helhetsinntrykket
Alt i alt leverte laget en solid kamp, spesielt defensivt. Innsatsen var upåklagelig, kontrings- og returløpsarbeidet var på et nivå vi kan være fornøyde med, og vi viser at vi har et toppnivå som kan matche ambisjonene våre. Nå handler det om å løfte angrepsspillet og å holde fast ved strukturen – også når vi leder og ting flyter.

Dia Midjord, hovedtrener i Florø SK Handball

Foto: Cecilia Molander
Flere bilder finner du her: https://handball.florosk.no/next/gallery/album?uid=1103852594&aid=92581




Damer: Florø 1 sikrer full pott i helgens spennende oppgjør

Postet av Florø Sportsklubb Handball den 2. Mar 2026

Florø 1 tar fire poeng på to kamper, begge vunnet med ett mål, og klatrer dermed opp på lik poengsum med Førde, men med to færre kamper spilt. Prestasjonen er sterk poengmessig, men spillkvaliteten varierer kraftig gjennom helgen.

Florø – Førde 27–26 (12-10)

Førde kommer med et sterkt og rutinert lag som presser Florø helt inn til siste sekund. Førdes målvakt blir skadet tidlig, og en utespiller må stå i mål resten av kampen. Likevel står Førde for en tøff og fysisk forsvarsrekke som vinner mange dueller og gjør Florøs angrep stresset og urytmisk.


Florøs utfordringer i denne kamp var nervøsitet, høye skuldre og mange tekniske feil. Lite flyt i angrepsspillet, lite bevegelse og et forsvar som står for flatt og passivt. Likevel holder Florø ut, viser karakter og tar en svært viktig seier.



Florø – Jotun 25–24 (12-14)

Jotun spiller først mot Florø 2 og taper med tre, men kommer med ny energi i kampen mot Florø 1 søndag ettermiddag. Jotun leder med to til pause og kampen er jevn hele veien. Oppgjøret i Årdal tidligere i sesongen endte uavgjort, og denne kampen kunne også endt 24–24. Jotun utligner på straffe 13 sekunder før slutt. Florø setter i gang raskt, presser fra høyre mot venstre. Hedda Stigen kommer igjennom på utsiden og scorer seiersmålet til 25–24.



Florøs utfordringer i denne kamp er, at vi har rundt 20 tekniske feil, svak uttelling på skudd, for stor respekt for Jotun og skuldrene var fortsatt høye etter lørdagens kamp. Likevel snur vi kampen etter 52 minutter og klarer med nød og neppe å sikre begge poengene.


Helgens konklusjon er, at poengfangsten er maksimal, 4 av 4 poeng. Men prestasjonene er varierende, selv om laget viser vilje, karakter og evne til å avgjøre jevne kamper. Men de neste kampene må vi senke skuldrene, redusere tekniske feil, få mer flyt i angrepsspillet og stå mer samlet og aggressivt i forsvar.

Dia Midjord, hovedtrener i Florø SK Handball

Foto: Cecilia Molander
Flere bilder finner du her:
https://handball.florosk.no/next/gallery/album?uid=1103852594&aid=92573
https://handball.florosk.no/next/gallery/album?uid=1103852594&aid=92575