J16: Florø 2 ''an underdog story'' - og kanskje sesongens comeback
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 4. Mar 2026
Florø 2 - Gloppen 20-17 (9-10)
Sjå for deg ein roleg sundag, sola skin og fuglane kvitrar. Det fekk ikkje Gloppen oppleve, då Florø 2 mørkla hallen med eit hard forsvar ein seint vil gløyme. Men det kan umogleg ha vorte ein overrasking for alle som har lest referatet frå Florø 2 sin førre kamp, der herrelaget til klubben fekk sjå at Mia Kvellestad skal du halde på avstand.
Jentene startar fyrste omgangen med ein eld i irisen, eit blikk du må ha opplevd i person. Med meirsmak frå førre siger, og Gloppen på menyen i det som vert ein av sesongens viktigaste kampar. Etter ein solid innsats frå dagens kaptein Muniro Mohamed, som vinner både ball og avgjer at vi startar i forsvar – kampens essensielle psykologiske overtak – vert det ein maktdemonstrasjon frå keeper Frøya Strømmen, som ikkje slepp inn eit skot før tida viste 03:16, notorisk kjend for å stengje buret ved alle straffer.

Frøya vel at frå 07:27 til 22:05 spelte minutt, skal Gloppen berre få 1 skot forbi ho inn i nettet. Med 2 fenomenale tidsblokker på 08:03 + 06:35 som tilseier at buret var stengt i ein periode på 14 minutt og 38 sekund, her fekk ein sjå Gloppen verkeleg måtte jobbe utan noko resultat å vise til. Her vart både benk, tribune og keepertrenar for klubben sendt i ekstase. Men Frøya fekk god hjelp frå forsvarsrekkja mellom 10-20 spelte minutt, då Carmen Paulsen (kanskje inspirert av Mia i førre kamp) ville vise at ho ikkje berre spelar “Joga Bonito” i angrep, men også verkeleg kunne vere ein forsvarssjef som ikkje var redd for å brette opp ermet.
Etter ein solid defensiv omgang kunne vi fornøgd gå til pause med stillinga 9-10, her måtte vi opp å nikke i angrep. Heldigvis var taktikktavla varm frå 2009-jentene sin kamp, der Joakim nok ein gong kunne vise fram eit grunnleggjande pådragspel som i teorien skal funke 9 av 10 gongar mot Gloppen.

Og gjett om pådragspelet gidde god avling. Her fekk Linn Teigene vise at ho har ei lys framtid innan salsyrket, då ho utan tvil tripla kiosksalet i 2. omgangen. Her vart Gloppen ein etter ein tilvist til kasseapparatet, på Linn sin kommando. Her burde tribunen laga meir lyd – er ikkje kvardagskost at pølseboda er open på idrettsbygget. Og når Mia Kvellestad utførte eit perfekt vingutspel levert bak hovudet, mista trenaren Torbjørn det fullstendig på benken. Då han har gjentatte gongar i desperasjon ynskja det frå bakrekka. Her må publikum vise glede og jubel, slik at Torbjørn kan dyrke tilbake det lett og leikande spelet som gir glede, resultat og underhaldning.
Det kan også merkast at Mille Knapstad vart inspirert av Frøya sin presentasjon i første omgangen, då ho også ville stengje buret med berre 7 mål i 2. omgangen ved god hjelp frå forsvarslinja som har fått fint kalibrert seg i 25 minuttar, og veit nøyaktig kor skapet skal stå.
Ekstremt viktig siger, som gjer at moglegheita for å kjempe seg opp på tabellstigen vert litt lettare. Her visar jentene frå 2010-kullet at dei har trenarar som elskar eit ekstremt sterkt defensivt forsvar, og gode pådrag i angrep der dei spelar opp kvarandre. Jentene Carmen, Linn og Aurora må dele på toppskårarprisen med 4 mål kvar, noko trenarteamet er godt nøgd med. Dei ynskja å få alle på skåringslista kvar kamp, det gjekk ikkje heilt vegen denne kampen då Gloppen har ein ekstremt dyktig keeper. Men det skal seiast at dei som ikkje fekk notert seg på skåringslista gjorde ein vesentleg god jobb ved å spele dei andre på laget gode om det så var solide sperrer på strek eller gode pådrag frå bakrekka, samt å herje i forsvaret som var avgjerande for siger. Ein fin 3 måls siger vi er godt nøgd med. Ettersom vi allereie har dratt fram forsvarsstatistikken for Florø 2009-jentene, så trekk vi også fram Florø 2 jenter 2010 sin statistikk også. Med imponerande 283 mål mot i 16 kampar, så ligg snittet på 17,7 mål i mot pr. kamp. Og med 326 mål på 16 kampar, kan vi nøye oss med 20,4 mål pr. kamp offensivt i bana. Dette lovar godt for damelaget sin framtid, med solide forsvarsspelar frå kullet.
Torbjørn Osland, trenar for J16 i Florø SK Handball
Bilete: Torbjørn Osland, mobilbilete
J16: Florø demonstrerer at humør, tolmod og gode taktikkar har stor verdi.
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 4. Mar 2026
Florø - Gloppen 19-18 (8-11)
Det var ein fin og fredeleg ettermiddag, tribunen har nett fått observert damelaget kjempe seg til ein 1 måls seier. Spenninga var høg i fleirbrukshallen, og jentene frå 2009-kullet hadde ingen planar om å senke spenningsnivået.
Vi startar kampen bak skjema både tidsmessig og taktisk. Gloppen viser at heile bakrekka har ekstremt gode skytarar, med ein solid prikkskytingspresisjon idrettssenteret ikkje har opplevd på fleire år. Her var det lite den rutinerte 2010-keeperen Mille «Miles» Knapstad kunne gjere. Heldigvis har ho eit erfarent lag langs 6-metaren som etter kvart får kontroll på skytarane og som gjer jobben litt lettare i buret.
Gloppen har også eit bra forsvar, og ein fenomenal keeper som ein ofte finn på regionale uttak. Så vi får litt å jobbe med framover i bana, men ein vis mann sa ein gong “Hadde det vore lett, hadde alle gjort det”. Heldigvis hadde vi Lilly «Two Face» Hovden som forsvarsekspert, med avhandling innan “Trur du eg går på den gamle der?” slik at vi kunne stoppe Gloppen sitt notoriske “Kjell”-trekk, som verken Joakim eller Torbjørn forstår seg på, og ikkje minst kvifor det har vert så effektivt tidlegare. 
Jentene avslutta 2. omgangen sterkt med å effektivt og enkelt stenge buret med berre 7 mål til Gloppen, og 11 mål framover i bana. Ekstremt viktig seier, som gjer at moglegheita for sluttspel og tabelltoppen ikkje er så langt unna som ein kan håpe på. Florø 2009 er, ifølgje dei 2 ikkje så audmjuke trenarane, det beste defensive laget i J16-serien med 253 mål i mot på 16 kampar å vise til som statistikk. Eit imponerande gjennomsnitt på 15,8 mål i mot, ein statistikk som sett seniorlaga til klubben i skam. 
Mest imponerande er at i nokre kampar har vi stått med utespelarar i mål, og 1 spelar på benk. Då jentene sjølv ikkje har ein keeper på laget, men klarar å smiske til seg 2010-keeperane på nokre kampar. Og om ein skal skryte endå litt til av jentene så har dei 327 mål på 16 kampar, med eit gjennomsnitt på 20,4 mål pr. kamp. Statistikk som trenarane Torbjørn og Joakim er stolte og nøgd med, sidan filosofien er enkel: minst mogleg mål mot. Så slepper vi å jobbe så hardt i angrep for å kompensere for eit svakt forsvar. Ei lys framtid for Florø sitt damelag, der nokre av jentene allereie har vert med for å hjelpe Florø i damelagets opprykksdraum.
Draumen om sluttspel i fylkesmeisterskapen som i år vert arrangert i det notorisk og anerkjende lyskrysset Førde.
Torbjørn Osland, trenar for J16 i Florø SK Handball
Foto: Torbjørn Osland, mobilbilete


J16: Florø viser at rutiner, ro i sinn og solid forsvar er fasit.
Postet av Florø Sportsklubb Handball den 28. Feb 2026
Florø 2 - Førde/Askvoll 21-19 (9-9)
I ein tidleg morgen, der idrettssenteret badet i morgonsola, vart det klargjort til oppgjer i jenter 16-serien. Og forhåpentlegvis Florø 2 sine første 2 poeng på nyåret, med 12 jenter frå 2010-kullet klare for å kjempe seg opp på tabellen.
Florø 2-jentene er ikkje framand frå siger og 2 poeng med seg heim frå kampar, men hittil i år har det ikkje latt seg gjere. Noko som kunne stressar “interim”-trenarane Joakim og Torbjørn som har tatt over ansvaret frå Jeanett, heldigvis er dei sjølv heller ikkje ukjende med siger og 2 poeng.

Første omgangen var prega av mange tekniske feil og slurv i angrep, då Førde/Askvoll låg offensiv med eit solid forsvar. Florø-forsvaret hadde eit stykke å gå på sjølv, men heldigvis har jentene Mille Knapstad som er svært rutinert mellom stengene. Og har til tider leika med tanken om eit stengt bur, og stjerner i Joakim sine keeperauge.

I pausen gidder Joakim nokre visdomsord før han farta vidare til herrelagsgarderoben for å redde opprykkssdraumen. Torbjørn gidder så litt “UNC knowledge” på korleis ein burde bruke strek og bevegelse mot eit så utgruppert forsvar, som vil ut på 9+ meter for å stoppe jentene.
I andre omgangen vart det ein roleg og kontrollert innhenting, etter litt kaos i omgangens oppstart. Jentene klarer å få opp forsvaret, kommunikasjonen og kontrollen på strek, som fører til at vi klarer å stoppe Førde/Askvoll sin flyt og kontroll i angrepspelet. Her var det god hjelp i Mia Kvellestad, som effektiv og praktisk fekk vise herrelaget på sidelinja at ho vil du ikkje møte på i ei mørk bakgate. Eller på handballbana, for der fekk Førde/Askvoll ingen innpass. Vi får fart i forflytting av ballen og Carmen Paulsen får vise fram nokre vanvittige “no-look”-innspill til strek, og gode pasninger til innløpt ving. Noko som verkeleg fekk ei tåre til å trille i Torbjørn sine “Joga Bonito”-auge. Ein gløymt handballkunst, han påstår er eineståande aleine oppretthaldt av han sjølv om klubben. Her har vi eit potensial som skal utviklast.

God kamp frå jentene, som fekk vise at dei ikkje er ute av kampen om sluttspelplass enno. Ane Kvellestad var toppskårar med 6 mål, med gode gjennombrudd i midten. Med god hjelp frå sidebackar, som setter fine pådrag. Vi nyt sigeren, og gjer oss klare for å møte Gloppen på heimebane i morgon søndag 01.03 18:45. Dette blir ein avgjerande kamp, for på kunne kvalifisere seg til sluttspelet. Og det ryktast eit handballshow ein seint vil gløyme.

Torbjørn Osland, trenar for J16 i Florø SK Handball
Foto: Cecilia Molander
Fleire bilete finn du her:
https://handball.florosk.no/next/Gallery/album?uid=1103852594&aid=92567